Kjend i samtida som ein av verdas største fiolinistar. Fetert og jubelombrust i alle konsertsalar, tidleg omtala som ”Nordens Paganini”. Framleis i vår tid eit ikon innanfor musikklivet. Slik framstår Ole Bull, men ikkje berre som musikar. Han kjempa for eit teater med norsk språk i staden for dansk, han kjempa for den nasjonale identiteten i musikken og eit fritt Noreg.

 

 

”Denne dybe Trofasthed i Ole Bulls Natur gjennem al hans Ustadighed, mod det, som var overensstemmende med hans Natur, har gjort ham folkekjær; med andre ord, det er hans Fædrelandskjærlighed, som har gjort det.”

 

 

(Frå Bjørnstjerne Bjørnson si tale ved Ole Bull si grav).